rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Fekk ny konkurskarantene

Tredje gong gjengangar får forbod mot å drive ny forretningsverksemd.

Marius Rosbach
03.12.2024

Møre og Romsdal tingrett avgjorde tysdag at mannen som har vore dagleg leiar, styreleiar og medeigar i det konkursråka Ørsta-selskapet Top Hus, får konkurskarantene. 

Dette er tredje gong den næringsdrivande får forbod mot å ta på seg nye roller i forretningsverksemd. 

Den førre karantenen er framleis aktiv og gjeld fram til utgangen av neste år. Den nye karantenen gjeld til 3. desember 2026. 

Det hindrar likevel ikkje at mannen kan halde fram som dagleg leiar i selskapet Saunaservice. 

For at ein person skal misse moglegheita til å halde fram i ei allereie eksisterande rolle, er utgangspunktet at ein må bli frådømt dette etter straffelova. 

I Top Hus-konkursen, som i tidlegare konkurssaker, er det offentlege krav som ligg til grunn for at selskapet gjekk over ende.

Bustyrar Thore Heggen etterlyste meir kontrollverksemd frå skatteetaten si side i konkurssaker då Nett No omtala buarbeidet måndag. 

Publisert: 03.12.2024 21:41

Sist oppdatert: 03.12.2024 21:41

Mer om