rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Konkurs for tiande gong

Gjengangar i skifteretten har pådrege seg nytt krav frå skatteetaten.

Marius Rosbach
16.01.2024

Ein næringsdrivande i Ørsta er gått konkurs for tiande gong etter at Møre og Romsdal tingrett opna konkurs i selskapet Top Hus As, ifølgje Møre-Nytt.

Mannen har vore dagleg leiar, styreleiar og eigar i selskapet som har eit krav mot seg frå skatteetaten.

Det har tidlegare vore rettsmøte i saka, då mannen lova å betale kravet på nær 600.000 kroner. Fristen gjekk ut før konkursen blei opna, ifølgje avisa.

NETT NO har vore i kontakt med mannen, som ikkje ønsker å uttale seg om saka for augneblinken.

Skal ha drive i byggebransjen
Selskapet Top Hus As er oppført i serveringsbransjen, men bustyrar Thore Heggen opplyser til NETT NO at dei har drive med entreprenørverksemd.

Førebels har han ikkje fått undersøkt årsaka til konkursen, eller drifta nærare. Heggen ser likevel ikkje vekk frå at det kan vere tilsvarande forhold i dette selskapet, som det har vore i tidlegare saker han har handsama der mannen har vore involvert.

Firmaet blei starta i 2022 og hadde ikkje inntekter ifølgje årsmeldinga frå det året. I samband med konkurskravet er det oppgitt at selskapet har seks tilsette.

Første skiftesamling er planlagt 28. februar.

Har fått konkurskarantene
Tidlegare har mannen hatt ei rolle i ni selskap som har gått konkurs. Mellom anna var han involvert i Takservice As, som gjekk konkurs i fjor.

Mannen blei ilagt konkurskarantene frå slutten av desember i fjor, som gjeld i to år framover.

Også etter den førre konkursen fekk vedkomande karantene – det vil seie forbod mot å drive forretningsverksemd – til februar 2022.

Mindre enn eit år etter karantenen gjekk ut, tok mannen over aksjane i Takservice-selskapet. Ørsta-firmaet gjekk konkurs i mai i fjor etter krav frå skatteetaten.

Publisert: 16.01.2024 11:32

Sist oppdatert: 16.01.2024 12:19

Mer om