Møre og Romsdal tingrett har denne veka innstilt behandlinga av konkurssaka etter Top Hus As, og selskapet er sletta.
Det er tiande gong den næringsdrivande bak firmaet går konkurs. Også denne gongen er det i hovudsak det offentlege som tapar.
Mannen har vore dagleg leiar, styreleiar og eigar i selskapet som dreiv med tømrar- og entreprenørverksemd.
Han har fleire gonger tidlegare fått konkurskarantene. Den seinaste fekk han i slutten av desember 2023, og for to år framover.
Bustyrar Thore Heggen innstiller også denne gong på at mannen bør få ny karantene. Det betyr at han ikkje får lov til å ta på seg nye roller.
Les også
Kunne tenkt seg meir kontrollverksemd
Det hindrar likevel ikkje mannen kan halde fram som dagleg leiar i eit nytt selskap Saunaservice.
For at ein person skal misse moglegheita til å halde fram i ei allereie eksisterande rolle, er utgangspunktet at ein bli frådømt dette etter straffelova.
I denne som i tidlegare konkurssaker, er det offentlege krav som ligg til grunn for konkursen.
– Det vil gjerne vere skatteetaten som er nærast til å vurdere om det er grunnlag for å melde saka til politiet, men dette vil oftast vere aktuelt etter gjennomført bokettersyn på lønsområdet, fortel bustyrar Heggen til Nett No.
Som bustyrar kunne han tenkt seg meir kontrollverksemd frå skatteetaten si side, men skatteetaten si involvering i konkurssaker synest å vere mindre enn tidlegare, fortel han.
– Dette er også negativt for bubehandlinga sidan det oftast ikkje vil vere midlar til å engasjere burevisor for gjennomgang av rekneskapen til konkursselskapet, legg han til.
Les også
Same manglar som ved tidlegare konkursar
I sluttrapporten for Top Hus skriv bustyraren at manglande betaling av skattar og avgifter har vore gjennomgåande i dei mange tidlegare konkursane til innehavaren.
Det er spesielt lagt vekt på at det er dokumentert identiske manglar som ved tidlegare konkursar.
I tillegg blir det vist til manglande utbetaling av lønn, som førte til at det måtte tilførast offentlege midlar frå Nav sitt lønsgarantifond.
Tre av fire tidlegare tilsette har søkt og fått dekning for lønn og feriepengar dei hadde til gode. Dei tilsette har tidlegare meldt selskapet for lønnstjuveri – men den saka blei lagt vekk av politiet.
Krav på kring éin million
Bakgrunnen for at det blei opna konkurs i Ørsta-selskapet i januar 2024, var krav frå skatteetaten på nær 600.000 kroner.
Det kom inn totalt 17 krav i buet på kring litt over éin million kroner, og det blir ikkje dekning til Det blir ikkje dekning til usikra kreditorar.
Det er ikkje avdekka forhold bustyraren mistenker er straffbare i denne saka.
Motsette seg konkursopning
Skuldnaren motsette seg konkursopninga. Etterpå gav han også uttrykk for at selskapet ville be om tilbakelevering av buet.
Om buet skulle tilbakeleverast, var det ein føresetnad om at kreditorane skulle få dekning, påpeika bustyrar i sin første rapport i saka. Seinare viste det seg at mannen ikkje klare å skaffe finansiering.
Nett No har måndag ikkje lukkast å få kontakt med vedkomande for ein kommentar til saka.
Publisert: 02.12.2024 14:46
Sist oppdatert: 02.12.2024 14:54