Kort fortalt

Fekk rekordmange søknader

273 ville bli matros i Kartverket.

01.03.2018
NPK: Kartverket har truleg aldri fått så mange søkjarar til ei fast stilling før som då dei skulle ha matros til skipet MS Hydrograf.
– Det er god tilgang på sjøfolk for tida, samtidig seier dette noko om marknaden på utsida, fortel personalsjef Truls Wessel i sjødivisjonen i ei pressemelding.
Det første døgnet stillinga var utlyst, fekk Kartverket inn 48 søknader på jobben.
– Av dei 273 som har søkt på jobben som matros er det mange godt kvalifiserte med høg kompetanse. Å plukke ut kandidatar til intervju har derfor vore ein stor og krevjande jobb, seier Wessel.
Kartverkets flåte består av moderfartøyet MS Hydrograf og arbeidsbåtane MB Lomvi og MB Havelle. Alle fartøya vert brukte til sjøkartlegging og er utstyrt med multistråle-ekkolodd. Reiarlaget er knytt til Kartverkets sjødivisjon, som står for drifta av fartøya.
Kartverket hadde også lyst ut ledig stilling som motormann/skipsmekanikar. Seks dagar før søknadsfristen gjekk ut, hadde 48 personar søkt på den stillinga.

Publisert: 01.03.2018 10:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39