(NPK-NTB): Regjeringa har utbetalt litt over fem milliardar kroner i støtte til koronaramma norske selskap. Det er betydeleg mindre enn venta.
– At utbetalingane gjennom ordninga har vorte betydeleg mindre enn først anteke, kjem truleg av i hovudsak at aktiviteten har teke seg raskare opp enn frykta i mars, skriv finansminister Jan Tore Sanner (H) i eit til Stortinget.
Fristen for å søkje om tilskot for månadene juni, juli og august er 31. oktober.
Sanner understrekar at regjeringa har varsla at dei omfattande støtteordningane må trappast ned i tida som kjem.
– Sidan tilskotsordninga er basert på omsetningsfall kan ho bidra til å svekkje insentiv til omstilling og dermed redusere moglegheitene for auka aktivitet, skriv Sanner.
– Desse insentivverknadene blir meir alvorlege jo lenger kompensasjonsordninga består.
Då ordninga vart lansert, antok regjeringa at ho kom til å koste anslagsvis 50 milliardar kroner. Anslaget er no betydeleg nedjustert.
Tala viser at det vart utbetalt 1,7 milliardar for mars, 2 milliardar for april, 1,3 milliardar for mai, 168 millionar for juni og 58 millionar for juli.
(©NPK)

Publisert: 25.08.2020 13:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25