NPK: I nær ein firedel av norske bedrifter står feriepengane til dei tilsette i fare, ifølgje ei undersøking svara på av 4.088 NHO-medlemmer.
11 prosent av dei spurde bedriftene svarar at dei ikkje kan overhalde feriepengeforpliktinga overfor dei tilsette, medan ytterlegare 13 prosent er usikre på om dei kan betale feriepengar til sine tilsette i juni, melder
Bedrifter med færre enn ni årsverk er overrepresenterte blant bedriftene der feriepengane står i fare, medan det er aller verst stilt blant reiselivsbedriftene. Der svarar 33 prosent at dei ikkje har pengar, medan 22 prosent er uvisse.
NHO-sjef Ole Erik Almlid seier til avisa at tala gjer inntrykk og at feriepengeproblematikken er noko hovudorganisasjonen har grubla på lenge.
– Dette er pengar som høyrer til dei tilsette, og premissen for ei eventuell ordning må vere at pengane hamnar hos dei og ikkje stoppar i bedrifta, sjølv om bedriftene som er i denne situasjonen nok treng meir likviditet, seier han.

Publisert: 30.04.2020 09:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27