Kort fortalt

Aukande næringstransport på ferje

Personbiltrafikken er redusert med en firedel.

Marius Rosbach
26.05.2021

Næringstransporten på fylkesferjene er no nesten på nivå med same månad i 2019, medan personbiltrafikken er redusert med 24,5 prosent samanlikna med april 2019, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei melding.

Fylkesvegferjene frakta 285.669 køyretøy i april i år.

Talet på køyretøy over seks meter, var 34.855 same månad. Det er ein reduksjon på to prosent frå same månad i 2019. Men talet er 20,8 prosent høgare enn i april 2020, ved starten av pandemien.

– Tala våre tyder på at næringslivet i Møre og Romsdal er i positiv utvikling på tross av pandemien. Det har vi sett gjennom heile 2021 så langt. På to av dei største sambanda våre, Sykkylven-Magerholm og Aukra-Hollingsholm, var det fleire køyretøy over seks meter i april 2021 enn det var i april 2019, uttaler avdelingsleiar Stig Helle-Tautra i kollektivselskapet Fram.

Publisert: 26.05.2021 14:04

Sist oppdatert: 26.05.2021 17:58

Mer om