Ferje lastebil 11
PRISANE SKAL NED: Eit fleirtal i Stortinget ba regjeringa regjeringa i revidert nasjonalbudsjett må komme tilbake til Stortinget kome med ein forpliktande plan for halvering av ferjeprisane. Fredag blei planen lagt fram. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ferjeaksjonen om priskutt: – For lite og for tregt

Verken ferjeaksjonen eller opposisjonen er imponerte.

07.05.2021

(NETT.NO/NPK-NTB): – Det er for lite og det går for tregt. Planen verkar blodfattig og manglar spenst, seier dagleg leder Henrik Dalelid Vedde i Ferjeaksjonen Møre og Romsdal.

Vedde er ikkje imponert over ferjeplanen regjeringa legg fram i samband med revidert statsbudsjett. Dei gjentek sine krav som mellom anna inneberer at ferjesambanda blir ein del av vegnettet – og ei halvering av prisane.

Han peiker på at det heller ikkje har kome fram korleis dei skal kompensere fylkeskommunane for deira auka inntekter med nullutsleppsferjer – slik Stortinget har bedt regjeringa ordne opp i.

Planen til regjeringa har to trinn: 120 millionar i revidert budsjett, som skal gi eit priskutt på ti prosent. Deretter eit årleg kutt på 10 prosent til 2025 – då billettprisane vil vere halvert.

Krev større kutt
Framstegspartiet gjer det klart at partiet vil krevje ein større reduksjon enn 10 prosent i år.

– Vi synest jo det er litt smått og puslete, seier Hans Andreas Limi (Frp).

Han seier Frp ikkje har teke stilling til nøyaktig kor stort kutt partiet vil krevje.

– Vi må sjå heilskapen i revidert. Men det vi primært ønskte, var ei halvering i år, seier Limi til NTB.

Også på venstresida får forslaget kritikk.

– Eg hadde venta meir enn ti prosent som ein start, seier Siv Mossleth i Senterpartiet.

– Det er positivt at regjeringa leverer ei byrjing. Men det er for tidleg for kystfolket å starte feiringa. Det får i så fall bli med ei halv svele, seier nestleiar Bjørnar Skjæran i Arbeidarpartiet.

Krav frå opposisjonen
Ferjeplanen kjem som svar på ei bestilling frå ein samla opposisjon på Stortinget.

Det heile byrja med at Arbeidarpartiet i januar la fram eit valløfte om å halvere ferjeprisane. Det utløyste ein kraftig bodkrig i opposisjonen der Framstegspartiet gjekk lengst med eit løfte om gratis ferjer på sikt.

Konklusjonen vart eit vedtak i Stortinget i februar der regjeringa vart beden om å komme tilbake i revidert nasjonalbudsjett med forlag til reduserte takstar allereie i 2021 og ein «forpliktande plan» for halvering av takstane.

Den vanskelege jobben er å få det inn i dei årlege budsjetta og få følgt det opp
Knut Arild Hareide

Dei tre regjeringspartia stemde alle imot forslaget. Distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) er likevel sterkt usamd i at det er opposisjonen som har drive fram halveringa.

– Det er vi som sit med ansvaret no. Og vi har jobba mykje med å få ned prisane, seier ho.

Budsjettjobb
Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) meiner det er enkelt for opposisjonen å krevje kutt.

– Den vanskelege jobben er å få det inn i dei årlege budsjetta og få følgt det opp, seier han.

– Men eg har stor tru på at når regjeringa no har gjort den jobben, så kjem vi ikkje til å mislykkast med dette, seier samferdselsministeren, som likevel ikkje vil sjå bort frå at forhandlingane i Stortinget kan ende med at ein større del av priskuttet blir teke allereie i år.

Publisert: 07.05.2021 11:51

Sist oppdatert: 07.05.2021 12:04

Mer om