Kort fortalt

Ferjegrunnstøyting: Vil avhøyre vitne

Bomma på ferjekaia med rundt 300 meter.

03.05.2023

Ferja MF Ørland mellom Volda og Lauvstad på Sunnmøre har gått på grunn ikkje langt frå ferjekaia på Lauvstad. Ingen personar er meld skadde.

– Vi jobbar for å finne årsaka til uhellet. Det er for tidleg å seie noko om det kjem av mekanisk eller menneskeleg feil, seier operasjonsleiar Jens Dahl i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Politiet er på staden der ei ferje gjekk på grunn utanfor Volda og har byrja å etterforske. Dei ønskjer også å avhøyre vitne.

Assisterande ferjesjef i Norled, Thomas Pedersen, sa klokka 12.48 til NRK at dei håpte ferja kunne dragast ut i løpet av tysdag ettermiddag. Det blir ikkje flo i området igjen før i 22.30-tida.

Norled, selskapet som driftar strekninga, skriv på nettsida si at ei reserveferje er sett inn i sambandet.

Ein ferjepassasjer som NRK har snakka med, fortel at han sat og las på mobilen då ferja byrja å bevege seg uvant. Passasjeren gjekk ut av bilen og opp for å sjå, og då vart det klart at ferja stod på land, eit stykke unna kaia.

Han fortel at mannskapet etter ei lita stund kom rundt til alle passasjerane. Det er tolv passasjerar og eit mannskap på fire om bord i ferja, ifølgje kanalen.

– Mannskapet banka på alle bilane og sa at vi stod i fjøra, men det er ikkje hol, og vi tek ikkje inn vatn. No skal dei prøve å rygge av, fortel passasjeren.

Publisert: 03.05.2023 00:00

Sist oppdatert: 03.05.2023 00:00