(NPK): Møre og Romsdal fylkeskommune har foreslått å kutte 20 millionar i ferjetilbodet. Samstundes seier leiaren i samferdsleutvalet at prisane kan auke igjen. Det vekkjer reaksjonar.
– Det har ikkje kome eit einaste signal frå staten om auka ferjefinansiering. Om det ikkje kjem pengar på statsbudsjettet vil det truleg kome forslag om både auka prisar og kutt i tilbodet, seier Kristin Sørheim, leiar i samferdsleutvalet, til
Varaordførar i Molde og leiar i KS i Møre og Romsdal, Odd Helge Gangstad, fryktar avfolking frå øyane og varslar no eit nytt ferjeopprør.
På sambandet Koparnes-Årvika mellom Vanylven og Gurskøya er det foreslått å ta vekk ei rekkje ferjeavgangar, skriv Det bekymrar ambulansetenesta:
– På alle andre ferjesamband kan vi rekvirere ferje heile døgnet til ambulanse, eller vi har ambulansebåt. Koparnes-Årvika er siste ferjesamband utan slike kompenserande løysingar, seier Lars Erik Sjømæling, klinikksjef i Helse Møre og Romsdal.
Han seier dialogen med fylket tidlegare har vore god, og at dei har bedt om at alle nye ferjekontraktar har opsjon om å ta ut beredskapsferje.
Frå januar 2022 trer ny kontrakt i kraft også for sambandet Koparnes-Årvika. Jesper Wiig hos fylkeskommunen stadfestar at då blir også dette beredskapsferje.
Sjømæling er også bekymra for dei som må til legevakt.
– Legevakt er kommunalt ansvar, men vi transporterer passasjerar til legevakta og ser denne utfordringa i kvardagen, seier klinikksjefen.
(©NPK)

Publisert: 11.09.2020 09:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25