Kort fortalt

Finansoppgjer i mål

Lønsoppgjeret i finansbransjen er klart.

28.04.2016
(NPK-NTB): Finans Norge er komme til semje med LO, Handel og Kontor og Postkom om ei løysing i tariffoppgjeret for finanssektoren.
Semje om eit anbefalt forslag kom på plass torsdag. Ei tilsvarande semje kom på plass mellom Finans Norge og Finansforbundet allereie natt til onsdag.
Partane er samde om eit generelt tillegg på 1.550 kroner med verknad frå 1. mai.
– Finans Norge er godt nøgd med at det økonomiske resultatet i oppgjeret er i tråd med frontfaget, seier Runa Opdal Kerr i Finans Norge.Avtalen er ikkje endeleg før han har vore til behandling i forbunda. Den siste fristen for dette går ut 18. mai.

Publisert: 28.04.2016 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46