(NPK): Det finske ferjeselskapet Sundquist Investments skal drive Noregs vestlegaste ferjesamband mellom Daløy og Haldorneset i Solund frå 2019.
To av dei fire ferjeselskapa som la inn anbod på ferjestrekninga på fylkesveg 31 heilt ytst i Sogn og Fjordane, var billegare, men tapte for finnane fordi ferjene deira ikkje passa til ferjekaiene, skriv bladet Våre veger.
Fjord1, som driv sambandet i dag, hadde ein pris som låg langt over dei andre og var ikkje aktuell. Kontrakten har ein verdi på 48,2 millionar kroner og gjeld i fem år frå 1. januar 2019 med rom for tre års forlenging.
Ferjestrekninga knyter saman to av dei ytste øyane i Solund der det bur folk, Daøyna og Ytre Sula.
Sundquist Investments held til i Hanko på den finske sørkysten, der dei for tida driv éi ferjestrekning.

Publisert: 18.01.2017 10:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42