Kort fortalt
Fire Sp-ordførarar kan ryke i nordvest
Kan missa mange verv rundt om i landet.
17.03.2023
Senterpartiet står i fare for å misse ordførarvervet i ein rekke kommunar rundt i landet ved lokalvalet til hausten. Det viser ein gjennomgang NRK har gjort.
Ifølgje kanalen kan partiet misse styringa i kring halvparten av dei 128 kommunane, dei no har ordføraren.
På Nordvestlandet er det ordførarkjeda i Ørsta, Stranda, Volda og Stryn, som heng laust. I Sykkylven, Sande og Gloppen vurderer kanalen at partiet vil halde på ordførarverva.
Publisert: 17.03.2023 12:05
Sist oppdatert: 17.03.2023 12:08