Kort fortalt

Firedobbel dåp for Fjord1

Reiarlaget med feiringar.

Marius Rosbach
18.04.2023

Denne veka skal Fjord1-reiarlaget ha dåpsfeiring for heile fire ferjer.

 MF Tustna og MF Grip blir døypt ved storkaia i Kristiansund onsdag, medan MF Møringen og MF Smøla blir døypt ved Sandvika ferjekai i Aura torsdag, opplyser reiarlaget i ei melding.

Publisert: 18.04.2023 13:51

Sist oppdatert: 18.04.2023 13:51