Kort fortalt

Fiska halve kvota på ein tur

Herøyfjord med god start på året.

06.02.2024

Den pelagiske trålaren Herøyfjord fiska 920 tonn sild på ein tur utanfor Troms nyleg, melder Sunnmørsposten. Det utgjer nær halvparten av årskvota på 1900 tonn, ifølgje avisa.

Skipper Stig Arne Sævik ventar god pris på fisken. Med ein kilopris kring ti kroner ventar meir enn ni millionar i betaling.

Medan silda for 10-15 år sidan kom sørover til Sunnmøre for å gyte, er den uvanleg langt nord i år og Sævik ventar ikkje at den kjem til mørekysten.

Publisert: 06.02.2024 11:11

Sist oppdatert: 06.02.2024 11:11

Mer om