Ventar kraftig resultatfall for kvitfiskflåten
Sparebank 1 SMN-analyse spår mange raude tal. Ramoen-reiar ventar dramatisk nedgang i innteninga.
– Med stor sannsynligheit vil mange ha raude tal, seier Ola Øvrelid, bransjeansvarleg for fiskeri i Sparebank 1 SMN om lønsemda i 2024 for flåten som fiskar torsk, sei, hyse og liknande fiskeslag.
I konjunkturanalysen Sparebank1 SMN la fram i fjor haust heiste banken gult flagg for deler av fiskerinæringa. No er gulfargen blitt skarpare for kvitfiskeflåten, som fiskar torsk, sei, hyse og liknande fiskeslag.
Denne flåten omfattar både havgåande trålarar og linebåtar og kystfiskefartøy.
Spår minusresultat for mange
Øverlid si prognose for 2024 baserer seg på at fangsinntektene blir omlag som i 2021, og at prisnivået blir omlag som i fjor. Kombinasjonen reduserte kvotar - først og fremst for torsk - og auka kostnadar, gjer at han reknar med at desse fartøya i snitt vil får eit resultat før skatt omlag i balanse.
Det er skilnadar mellom fiskebåtreiarlaga, og med eit gjennomsnitt i balanse betyr det minusresultat for mange. Og eit resultat i balanse er uansett ein markert nedgang i lønsemda.
I 2021, før kostnadaauken byrja å slå inn i større grad, hadde trålarane eit resultat før skatt på 22 prosent av driftsinntektene, linebåtane 17 prosent og kystfiskeflåten 12 prosent, ifølgje Øvrelid. Han la fram sine tal og vurderingar på arrangementet Sjømatdagane på Hell denne veka.
Må vurdere å ligge stille
Øvrelid si vurdering er heilt rett, seier fiskebåtreiar Per Magne Eggesbø.
Han er største aksjonær og dagleg leiar i Ramoen, som eig og driv fabrikktrålaren med same namn.
– Det er ein dramatisk nedgang i innteninga frå i fjor til i år, seier Eggesbø.
I år reknar Eggesbø med at dei fleste fiskebåtreiarar vil drive fiske omlag som i fjor, og kanskje fiske meir reke for å halde aktiviteten oppe. Men varer årets situasjon ved, reknar han med at det vil tvinge seg fram at båtane vil ligge stille i periodar av året. Det var vanleg då kvotane var lave på 2000-talet.
Kostnadsauke på 57 prosent
Torsk er det økonomisk viktigaste fiskeslaget for denne flåten. I år er kvotane redusert med 20 prosent for andre år på rad, og det er venta tilsvarande kutt neste år. Så langt har det ikkje kome ein prisauke som kompenserer for redusert fangst.
Samstundes aukar kostnadane, med høgare rente og dyrare drivstoff som viktige årsak. Frå 2020 til 2023 er det snakk om ei kostnadsauke på 57 prosent - utanom mannskapskostnadar og avskrivingar - ifølgje Øvrelid sine berekningar.
Ein del av kostnadsauken skuldast auke i avgifta for utslepp av CO2. Avgifta er lagt på diesel, som er drivstoffet for fiskeflåten, og skal auke gradvis fram til 2030.
Uvisse, men ikkje krise
Øvrelid understrekar at analysen hans baserer seg på faktorar det er uvisst korleis vil endre seg. Prisutvikling er den viktigaste faktoren.
Den pelagiske flåten, som fiskar sild, markell, kolmule og liknande fiskeslag, gjer det godt også i år. Sjølv om kvitfiskfåten får eit tøft år økonomisk, er Øvrelid ikkje uroleg for at bankane skal lide tap - eller reiarlag hamne i tvangsituasjoner på grunn av ein økonomisk nedtur i år.
Publisert: 26.01.2024 05:00
Sist oppdatert: 26.01.2024 10:33