Kort fortalt

Fiskarar tenkjer meir tryggleik enn før

Nesten ingen manglar ved kontroll.

05.04.2016
ID: 12224459
(NPK): Sjøfartsdirektoratet gav berre pålegg til ein av 21 kontrollerte båtar i førre kontroll, og fortel om at fiskarar tenkjer meir tryggleik enn før.
– Vi ser at fiskarar tenkjer meir på tryggleik no enn tidlegare, seier samfunnskontakt i Sjøfartsdirektoratet, Dag Inge Århus til .
Sjøfartsdirektoratet har mellom anna hatt to personar på kontroll ved Botnhamn, Senjahopen og Husøy. Av 21 båtar som blei kontrollerte var det berre éin som fekk pålegg.
Direktoratet kontrollerer i hovudsak at tryggingsutstyret er i orden om bord i båtane. Århus seier at standarden på båtane har kome seg mykje, og at resultata på denne kontrollrunden var veldig bra, men legg til at dei ser forskjellar på kor båtane er og kor dei fiskar.
– Dei båtane som berre fiskar i nærområdet til heimen, slurvar nok meir med tryggleiken enn dei som går langt, og frå stad til stad. Det burde absolutt ikkje vere slik, seier Dag Inge Århus. (©NPK)

Publisert: 05.04.2016 20:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47