Kliniske testar viser at kosttilskot som inneheld blant anna konsentrat frå fiskeavskjer har positiv effekt på blant anna den mentale helsa, ifølgje matforskingsinstituttet Nofima.
Funna kjem frå i eit EU-prosjekt leidd av forskarar frå Nofima. Ikkje berre viste testane betre mental helse, men det auka også fysiske prestasjonar og forbetrar hud og hår.
Resultatet frå prosjektet vart presentert i Bergen. Ifølgje Nofima er resultata så gode at dei kunne ha vore henta frå ein reklamefilm. Og no skal industrien ta resultatet i bruk og få produkt ut på marknaden.
Store mengder råstoff frå fiskeri og havbruk går til spille eller blir brukt i dyrefôr i Europa. Dette råstoffet utgjer ein næringsrik biomasse rik på protein, bioaktive peptid, fleirumetta feitt, organiske mineral og vitamin.
– Med bruk av enzymatisk hydrolyse kan det lagst produkt av stor verdi for oss menneske, seier seniorforskar Katerina Kousolaki, som har leidd prosjektet Aquabiopro-fit, EU -prosjektet som vart avslutta sist månad.
Ho fortel at det enno står att ein del vitskaplege publiseringar, og at nokre av resultata derfor inntil vidare må haldast hemmelege.
For å oppnå mest mogleg berekraftig bruk av råstoff er det behov for investeringar og utvikling av ny kunnskap. I tillegg er det naudsynt med påliteleg dokumentasjon og forbrukaropplæring og eit eigna lovverk for å sikre produkt frå marint råstoff kan kome ut på merknaden, meiner ho.
Publisert: 20.03.2023 11:02
Sist oppdatert: 20.03.2023 11:03