Kort fortalt

Fiskeriselskap møtast i retten

Nye Giske Havfiske saksøker Atlantic Holding.

06.11.2020
Strid om provisjon og betaling for ein asiatisk agent er tema når to selskap møtest i Sunnmøre tingrett neste veke, ifølgje .
Det er reiarlaget Nye Giske Havfiske som har sakskøkt Atlantic Holding med krav om 1,3 millionar kroner.
Det saksøkte selskapet – som også er medeigar i Nye Giske Havfiske – krev frifinning og avviser kravet.
Saksøkjaren meiner mellom anna at det er stort avvik mellom beløpet Atlantic Holding har fått frå kjøpar og det som er opplyst som vederlag. Dei meinar også at det er feil at Nye Giske Havfiske skal betale provisjonen til ein agent i Asia, ifølgje avisa.
Det er sett av tre dagar til saka i Sunnmøre tingrett neste veke.

Publisert: 06.11.2020 16:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24