Havila Heroy
VIL OVERTA: DNB, Swedbank og Danske Bank krev arrest i dette fartøyet.
Nytt

Krev arrest i Havila Herøy

DNB, Swedbank og Danske Bank går til retten for å få hand om fartøyet.

02.04.2026

DNB, Swedbank og Danske Bank meiner Havila Shipping har brote vilkåra i ei refinansieringsavtale frå juni 2020. Bankane finansierer skipa Havila Foresight og Havila Harmony.

Havila Shipping er usamd med bankane og meiner bankane mellom anna er forplikta til å konvertere eit krav på knappe 600 millionar kroner til aksjar ved utløpet av 2025.

Reiarlaget gjekk i fjor til rettsak mot bankane, men fekk ikke medhald for sitt syn i retten. 

Varsla rettslege steg
Dommen er ikkje rettskraftig og Havila Shipping varsla same dag som dommen kom at den vil bli anka til lagmannsretten.

Bankane varsla på si side at dei ville ta rettslege steg for å sikre seg pant for kravet. 

I ei børsmelding like før midnatt 1. april skriv Havila Shipping at selskapet har fått ei "begjæring om registrering av arrest i fartøyet
«Havila Herøy» og visse andre eiendeler i konsernet."

Går til retten med begjæringa
Ankesaka skal opp for lagmannsretten 29. september i år. 

Havila Shipping skriv i børsmeldinga at "Begjæringen om arrest vil bli bestridt for de relevante domstolene, og konsernet vil kreve erstatning for ethvert tap konsernet påføres som følge av bankenes handlinger."

Publisert: 02.04.2026 22:37

Sist oppdatert: 02.04.2026 22:37

Mer om