Kort fortalt

Fjord1-kapteinar tapte søksmål

Retten meiner dei to ikkje blei usakleg oppsagt.

27.09.2021

Sogn og Fjordane tingrett meiner Fjord1 hadde sakleg grunn til å seie opp to erfarne ferjekapteinar, ifølgje Sunnmørsposten.

Dei to tilsette som gjekk til sak mot sin tidlegare arbeidsgjevar, tapte dermed saka.

Striden stod om ei ordning med delte stillingar, som dei to skipsførarane fekk innvilga. Men dei to godtok ikkje å jobbe som styrmenn – og blei difor oppsagt.

Tingretten meinte likevel at Fjord1 må bere sin del av ansvaret for at tvisten oppstod, og meiner reiarlaget må dekke eigne sakskostnader.

Publisert: 27.09.2021 15:52

Sist oppdatert: 27.09.2021 15:54

Mer om