Fjord1 inn i ny reiselivsamanslåing
Fjord1, Vy og Aurland Ressursutvikling går saman om å skape eit nytt, stort reiselivsselskap.
I august skulle Fjord1 og Aurland Ressursutvikling møtes i retten etter langvarig usemje om deira felles selskap, The Fjords. Fjord1 ville løyse opp selskapet.
Striden enda med eit forlik før rettsaka, og no er begge dei to tidlegare stridande partane saman om ein prinsippavtale om å gå inn i eit enda større selskap.
Det er tre partar med i alt fire selskap som har inngått prinsippavtale, der målet er å bli samde om ein bindande avtale før årsskiftet.
Konsolidering
"Partane er samde om at ei samling er eit riktig strategisk grep som vil gi auka styrke til selskapa og til norsk reiseliv. Utfordringane som pandemien har skapt for reiselivet underbygger at ei konsolidering er nødvendig for å gi kraft til omstilling, utvikling og ny vekst, og ta den leiande posisjonen som partane ynskjer.", heiter det i ei felles pressemelding.
Fire blir eitt
Det nye selskapet skal omfatte Aurland Ressursutvikling, Fjord Tours Group, Flåm Utvikling (Flåmsbana) og The Fjords.
Aurland Ressursutvikling er eigd av Siva Eiendom Holding, Aurland Eige (Aurland kommune), Schage Eiendom og Sogn Sparebank.
Aurland Ressursutvikling eig Myrkdalen Fjellandsby ved Voss. Saman med Fjord1 eig Aurland Ressursutvikling også selskapet The Fjords. The Fjords driv sightseeingbåtar og har mellom anna tre batteridrivne sightseeingsbåtar bygd hos Brødrene Aa.
Fjord Tours Group er eigd av Fjord1 og Vy (tidlegare NSB) med 50 prosent kvar. Fjord Tours Group eig 74 prosent av Fjord Tours AS, der Aurland Ressursutvikling og Tide eig resten. Fjord Tours sel reiser med tog, båt og buss.
Flåm Utvikling driv sal og marknadsføring av Flåmsbana, der Vy står for togdrifta. Flåm Utvikling er eig 50/50 av Aurland Ressursutvikling og Vy.
Publisert: 21.09.2021 06:00
Sist oppdatert: 21.09.2021 00:44