Kort fortalt

Flaggar om tre skip

40 sjøfolk kan miste jobben.

13.05.2016
(NPK-NTB): Når reiarlaget Østensjø flaggar om tre av skipa sine og erstattar delar av mannskapet med utanlandske sjøfolk, må inntil 40 tilsette gå.
Endringane kjem når Haugesundreiarlaget flyttar tre skip frå det norske NOR-registeret til norsk internasjonalt skipsregister (NIS), skriv . Direktør Kenneth Walland seier det sat langt inne å flagge om dei tre skipa.
– Vi har halde ut så lenge vi kunne – kanskje for lenge. Framleis NOR-flagg på desse skipa var ikkje lenger eit forsvarleg alternativ – med dette kostnadsbiletet er det dessverre ikkje lengre konkurransedyktig, seier Walland. Frå 1. mars i år tillèt regjeringa norske konstruksjonsskip å stå i NIS. Det betyr reduserte krav til talet på norske tilsette om bord, og for Østensjøs del betyr det at rundt 40 personar kan miste jobben, forklarar reiarlagsdirektøren.
Tillitsvalt Bjørn Petter Totland i Sjømannsforbundet synest det er beklageleg at det går mot oppseiingar, men forstår leiinga i reiarlaget.
– Vi applauderer ikkje at reiarlaget flaggar til NIS, men når styresmaktene legg til rette for det har dei nok ikkje noko anna alternativ dersom dei skal overleve i dagens marknad.
Ifølgje direktør Walland er alle samde om at NIS er betre enn å flagge ut av Noreg, og reiarlaget planlegg også å flytte eit Malta-registrert skip og eit nybygg til NIS. (©NPK)

Publisert: 13.05.2016 08:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46