Kort fortalt

Flakk-hotell forseinka

Utsett Hellesylt-hotell med eitt år.

19.09.2022

No er framdriftsplanen for Basecamp Hotel Hellesylt er endra og utsett eitt år, ifølgje nettstaden Hellesylt.info.

– Med bakgrunn i at vi har «mista» eit halvt år mellom anna på grunn av lang reguleringsprosess, og at vi i tillegg har mange andre prosjekt på gang i konsernet, er det vedteke å utsetje Basecamp-prosjektet på Hellesylt eitt år, skriv dagleg leiar i Basecamp Hotel Hellesylt, Jan Sverre Sivertsen, i ei melding til nettsstaden.

Det har teke tid å få vedteke ein detaljert reguleringsplan for prosjektet, men den ligg no an til å bli vedteke. Hotellselskapet som er eigd av familien Flakk i Ålesund, planlegg å opne det nye hotellet i 2025.

Publisert: 19.09.2022 12:05

Sist oppdatert: 19.09.2022 12:08

Mer om