Kort fortalt

Fleire flaug med Norwegian

Men resultatet var svakt.

26.04.2018
NPK-NTB: Norwegian fekk eit underskot på 46,2 millionar kroner i første kvartal. Samtidig flaug fleire passasjerar med lågprisselskapet.
I tillegg til god passasjervekst fastslår konsernsjef Bjørn Kjos at første kvartal er prega av både global ekspansjon og høge drivstoffkostnader. I tillegg gjennomførte selskapet det dei omtalar som ein vellykka emisjon på 450 millionar kroner.
– Norwegian har vore gjennom ein lang periode med sterk vekst som vil nå toppen i andre kvartal i år. Kapitaltilføringa vil styrke konkurranseevna og beskytte eksisterande og framtidige investeringar i ein marknad prega av høge oljeprisar og svingande valutakursar, seier Kjos.
Nettoresultatet på minus 46,2 millionar kroner er nesten halvanna milliard betre enn i same kvartal i fjor, men blir påverka av ein finansiell gevinst frå reklassifiseringa av investeringa i Norwegian Finans Holding på 1.940 millionar kroner.
7,5 millionar passasjerar flaug med Norwegian i første kvartal, ein auke på 12 prosent frå same periode i fjor. Kapasitetsveksten var på 36 prosent og fyllingsgraden 84,5 prosent.
– I dette kvartalet merkar vi spesielt effektane av høgare drivstoffkostnader. Vi har dobla talet på nye Dreamlinerar samanlikna med same periode i fjor. Flya blir godt fylte, og stadig fleire kundar, både i nye og meir etablerte marknader, vel å fly med Norwegian. Langdistanseoperasjonen vår er godt etablert, noko som er eit bevis på at reisande ønsker å fly interkontinentalt til ein låg pris, seier Kjos.
Selskapet påpeikar samtidig at i takt med den globale veksten, aukar også storskalafordelene, noko dei meiner fører til lågare einingskostnader. I første kvartal fall einingskostnaden inkludert avskriving ekskludert drivstoffkostnader, med 5 prosent.

Publisert: 26.04.2018 09:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39