Kort fortalt

Fleire går av med pensjon

Årsaka er koronautbrotet.

14.05.2020
NPK-NTB: Ikkje i nokon månad dei siste fire åra har det komme til fleire nye alderspensjonistar enn i april i år. Nav ser auken i samanheng med koronautbrotet.
– Trenden starta før april. Samtidig trur vi det er ein del fleire som har valt å ta ut alderspensjon etter at koronasituasjonen sette inn for fullt, seier avdelingsdirektør Ole Christian Lien i Nav.
I april var talet på nye alderspensjonistar høgare enn i nokon månad sidan 2016, 5.900 i alt. Det er 11,2 prosent fleire enn i same månaden i fjor. Frå januar til april vart 22.600 personar registrerte som nye alderspensjonistar.
April er den første månaden der pensjonsuttaket kan ha vorte påverka av tiltaka mot koronaviruset. Lien peikar på at mange seniorar har vorte ramma av permisjon og arbeidsløyse.
– Vi ser ein klar auke i talet som tek ut alderspensjon. Noko av dette var venta som følgje av større kull som kan ta ut pensjon, men dette er likevel ein større auke enn venta, seier han

Publisert: 14.05.2020 11:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27