Regjeringa har oppretta ni nye marine verneområde. Områda ligg i Nordland, Troms og Finnmark, Trøndelag og Vestland. Med dette aukar talet på marine verneområde i Noreg frå seks til 15.
– Noreg forvaltar store havområde med unike naturverdiar som det er viktig å ta vare på for framtida. Eg er særs glad for at vi no meir enn doblar talet på marine verneområde, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i ei pressemelding.
Rotevatn besøkte tysdag Lygra i Alver kommune i Vestland for å markere opprettinga av Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde, som ligg i kommunane Alver og Austrheim.
Fjorden merker seg mellom anna ut som ein tilfluktsstad for særeigne artar som var vanlege i Vestland under istida, men som elles har forsvunne på grunn av gradvis aukande vasstemperaturar, skriv regjeringa.
Lurefjorden og Lindåsosane er òg del av Nordhordland Biosfæreområde, som vart godkjend som eit UNESCO Man and Biosphere område i juni 2019. Dette er eit initiativ som vart sett i verk av kommunane i regionen uavhengig av arbeidet med marint vern, men der det er eit krav om at biosfæreområdet skal byggjast på berekraftig utvikling kring eit eller fleire større, etablerte verneområde. Området står også på lista til Riksantikvaren over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse og har der fått nemninga «Indre farleia».
Dei andre områda som no blir verna er:
I Nordland fylke: Innervisten, Nordfjorden, Karlsøyfjorden og Kaldvågfjorden og Innhavet.
I Troms og Finnmark fylke: Rossfjordstraumen, Rystraumen og Ytre Karlsøy
I Trøndelag fylke: Skarnsundet

Publisert: 23.06.2020 17:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26