Kort fortalt

Fleire misbrukar tilliten

Straffar dugnadsprofitørar.

13.05.2020
NPK-NTB: Åtte bedrifter har så langt vorte stengt som følgje av misbruk av kompensasjonsordninga. Fleire bedrifter kan bli stengt, seier justisminister Monica Mæland.
Regjeringa har innført ei rekkje økonomiske tiltak og pakkar som blir baserte på tillit. Den tilliten held dei fleste seg lojal til, men ikkje alle.
– Dugnadsprofitørar skal ikkje sleppe unna. Kriminalitet skal avdekkjast, bli etterforska og bli straffa, sa justis- og beredskapsminister Monica Mæland på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen onsdag.
Mæland sa at politiet har mangedobla mengd tilsette som vanlegvis jobbar med arbeidslivskriminalitet, og at dei har ein målretta innsats mot korleis permisjon, dagpengar og kompensasjonsordningane blir handterte, og eventuelt misbrukt.
– Same veke som satsinga starta, stengde politiet fire stader som har fått støtte, men som ikkje er registrert i meirverdiavgiftsregisteret og dermed held tilbake avgifter som dei er forplikta til å betale. Etter det har ytterlegare fire bedrifter vorte stengde, og politiet har informasjon om som tilseier at fleire kan bli stengt framover, sa statsråden.
– Straffelova gjeld òg for kompensasjonsordninga. Og her følgjer Skatteetaten opp cirka 320 føretak som har fått tilskot frå kompensasjonsordninga, sa Mæland, som fortalde at det så langt er fremja krav om tilbakebetaling over seks millionar kroner.

Publisert: 13.05.2020 17:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27