Talet på overnattingar ved hotell og andre overnattingsverksemder enda på 2,1 millionar i februar 2023. Dette er ein auke på 19 prosent frå februar i fjor, men nivået er framleis noko lågare enn i februar 2020.
Ifølgje SSB s yner nye tal at det var om lag 1,5 millionar norske og 577 000 utanlandske overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar i februar. Det er ein auke på høvesvis 17 og 24 prosent frå februar året før.
–Hotella i storbyane bidrog mest til oppgangen. 1 av 5 hotellovernattingar var i Oslo, og ein annan femdel var i reiselivsregionane Bergensregion, Trondheim og Romerike, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i SSB.
Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune.
Auken var størst i Oslo, der dei utanlandske hotellovernattingane vart meir enn dobla frå februar i fjor. Dei norske auka med 64.000, som svarer til 36 prosent. På Romerike var det totalt 35.000 fleire hotellovernattingar. Bergensregion og Trondheim hadde om lag 30. 000 fleire.
–Rett nok samanliknar vi med ein månad prega av pandemirestriksjonar. Dei siste restriksjonane vart fjerna i midten av februar i fjor, og hotella som var stengt i fjor har vore i drift i år, seier Kristin Aasestad.
Samanlikna med februar 2020 var det 5,9 prosent færre norske hotellovernattingar, medan det var 13 prosent færre utanlandske hotellovernattingar skriv SSB. I februar 2023 vart det i tillegg formidla 240.000 overnattingar i private hytter, hus og leilegheiter leigd ut gjennom norske formidlingsverksemder. Dette er ein auke på 54 prosent frå same månad i fjor. Meir enn 80 prosent av desse overnattingane blei utført av utanlandske gjester, og av dei utanlandske overnattingane var to av tre danske.
Publisert: 31.03.2023 04:28
Sist oppdatert: 31.03.2023 04:28