Kort fortalt

Fleire Porschar enn bensinbilar

Bensinbilsalet stuper.

01.02.2022

(NPK-NTB): Heile ni av ti førstegongsregistrerte personbilar i Noreg i januar var elbilar. Sjølv luksus-elbilar sel no betre enn alle bensinbilar til saman.

Det vart registrert 175 nye reine bensinbilar i januar. Samtidig vart det registrert 181 nye elbilar av modellen Porsche Taycan.

– At vi skulle sjå fleire nye Porschar registrert enn nye bensinbilar i ein månad, hadde ingen sett komme, seier direktør Øyvind Solberg Thorsen i Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV).

Heile 19 av dei 20 mest selde bilane i januar var elbilar. Talet på førstegongsregistrerte personbilar i januar gjekk ned 22,8 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Audi har den høgaste delen av nyregistrerte bilar, og heilt på topp tronar Audi Q4 e-Tron.

(©NPK)

Publisert: 01.02.2022 16:55

Sist oppdatert: 01.02.2022 16:57

Mer om