NPK-NTB: Så langt i år har Rema opna 17 butikkar på landsbasis. Før året er omme skal talet meir enn doblast.
– Vi skal opne 40 butikkar. Det er ei mykje høgare opningstakt enn nokon gong tidlegare, bortsett frå ved oppkjøp. Då begynner vi å komme der vi bør vere, seier administrerande direktør Jan Frode Johansen i Rema Franchise til Dagens Næringsliv.
I første halvår mista Rema 1,2 prosent marknadsdelar, mens erkerivalen Kiwi, som er eigd av Norgesgruppen, tok 1 prosent nye marknadsdelar. Den tredje konkurrenten i lågpriskrigen, Coops Extra-kjede, sikra seg 1,4 prosent nye delar.
Ifølgje avisa står Remas posisjon som Noregs største kjede no på spel, ettersom Kiwi fortset å hale innpå.
– Noko av marknadsutviklinga har vore prega av at vi har lågare etableringstakt enn vi har ønskt. Der har vi gjort grep, men det tar tid før vi ser effekten, seier Johansen.
Coop-sjef Geir Inge Stokke seier til avisa at han er overraska over Remas etableringsnivå.
– Signala er at Rema etablerer butikkar av mindre størrelse, og på stader dei ikkje ville etablere seg tidlegare. Dette er noko vi følgjer med på, seier Stokke.

Publisert: 09.08.2017 09:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41