Seint i fjor lyste Forsvarsmatriell ut ein konkurranse om designet til dei inntil 28 nye, standardiserte fartøya som skal byggast for Forsvaret på norske verft.
I alt 11 melde seg på og planen var å plukke ut tre til seks søkjarar som blir kvalifisert til å vere med i sjølve konkurransen.
Det skulle gjerast i løpet av januar, og no stadfestar både Kongsberg Maritime og Skipsteknisk i Ålesund at dei har kome gjennom kvalifiseringsrunden og er med vidare.
NettNo har førebels ikkje lukkast å få svar på om også Kongsberg Gruppen - som Kongsberg Maritime snart blir skilt ut frå - er med vidare. Ulstein Group er også blant dei 11 søkjarane, og viser til Forsvarsmatriell når det gjeld spøsmålet kven som er kvalifisert.
Forsvarsmatriell vil per i dag ikkje opplyse kven som er blitt kvalifisert.
Fleksibilitet og kostnadsreduksjon
Målet er å bygge skip som kan utrustast med ulike typer våpen og utstyr slik at dei kan brukast til mange ulike oppgaver sjølv om skipa er like, i staden for å bygge ulike skipstyper til ulike oppgaver. Det skal både gi fleksibilitet og redusere kostnadane.
Fristen for å levere sjølve anbodet på design og konseptutvikling er sett til 27. februar.
Klart i år
På Verftskonferansen i Ålesund i november 2025 opplyste Forsvarsmatriell at håpet er at konkurransen om sjølve bygginga og utstyrsleveransen skal vere avgjort innan 2026 er omme.
Det er snakk om 10 større havgåande skip, og 18 mindre fartøy med såkalla kystnær plattform.
Dei største skipa skal vere kring 90 meter lange og ha ein fart på 18 til 22 knop. Om bord skal det vere eit fast mannskap på 35-45 personar, i tillegg til at det skal vere plass til 20 til 25 andre personar om bord.
Dei kystnære fartøya skal vere kring 50 meter lange og kunne segle med eit fart på opptil 20 knop. Om bord skal det vere plass til eit mannskap på 23-33 personar, i tillegg til 10-15 andre personar.
Publisert: 03.02.2026 11:55
Sist oppdatert: 25.02.2026 10:27






