Kort fortalt

Fleire spør etter fastrente

Største interesse på fleire år.

18.01.2019
NPK-NTB: Etterspurnaden etter fastrentelån fortsette å auke i fjerde kvartal i fjor, viser ein rapport frå Noregs Bank.
Etter at Noregs Bank sette opp renta i fjor haust, og varsla fleire framtidige rentehevingar, ønsker fleire lånekundar å binde renta på bustadlåna sine, skriv .
Avisa skriv at i utlånsundersøkinga til Noregs Bank for tredje kvartal i fjor, rapporterte bankane om den høgaste auken i etterspurnaden etter fastrentelån på fleire år.
Truleg vil endå fleire kundar spørje om fastrente på låna sine i tida framover for å sikre seg mot eit eventuelt rentehopp.

Publisert: 18.01.2019 08:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36