Kort fortalt

Fleire unge i kommunestyra

Meiner klima og miljø er grunnen.

20.07.2020
NPK: 9153 politikarar blei valt inn i kommunestyra i Noreg etter valet i 2019. 130 av dei var under 20 år.
Valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda meiner klima- og miljøsaka kan ha vore ein stor grunn til at fleire unge blei løfta inn i kommunestyre, .
For fleire av dei nyvalde politikarane har møtet med lokalpolitikken vore ei utfordring.
I 2003 blei Jon Georg Dale (Frp) valt inn i kommunestyret i Volda som 19-åring.
Han seier han las sakspapira grundigare enn alle andre, for å ikkje bli tatt for å ikkje kunne fakta.
– Det er viktig at dei unge tør å utfordre dei politikarane som har lenger erfaring, seier Georg Dale til NRK.

Publisert: 20.07.2020 10:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25