Kort fortalt

Fleire utlendingar på norske hotell

kraftig hopp frå i fjor

28.07.2023

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): Talet på utlendingar som bur på norske hotell har auka med 18 prosent frå i fjor. Men nivået er framleis ikkje tilbake der det var før pandemien.

– Svak krone og reiseglade nordmenn og utlendingar har gitt ein god start på sommaren for hotellnæringa, seier seniorrådgivar Sindre Torgals i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Totalt var det 2,7 millionar hotellovernattingar i Noreg i juni, ein oppgang på 1,8 prosent frå året før.

Dei utanlandske turistane bidrog sterkt til auken.

Det var 832.000 utanlandske overnattingar i juni. Det er ein auke på 18 prosent frå i fjor, då delar av verda framleis var prega av koronapandemien.

Samtidig har nivået norske overnattingar halde seg relativt høgt.

– Nordmenn har halde fram med å feriere i eige land etter pandemien. Om vi samanliknar juni i år med åra før pandemien, ser vi at talet på norske hotellovernattingar er høgare, medan talet på utanlandske hotellovernattingar ikkje er tilbake på tidlegare nivå, seier Torgals.

Legg ein til overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandreheimar, var det nesten 4,6 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsstader i juni – det høgaste talet målt nokon gong i juni.

Statistikken viser også at inntektene til hotella frå overnattingane, har auka kraftig. Sjølv om talet på overnattingar berre har auka med 1,8 prosent, har omsetninga for overnattingane auka med 16 prosent.

– Fleire hotell har oppgitt at prisane har auka på grunn av ein generell auke i kostnadene og auka etterspurnad. Den svake krona kan både har vore ei viktig årsak til at utanlandske turistar legg turen til Noreg og at nordmenn vel å feriere i Noreg, seier Torgals.

Gjennomsnittsprisen på hotellrom var 1.456 kroner, ein auke på 13 prosent frå i fjor.

Publisert: 28.07.2023 09:39

Sist oppdatert: 28.07.2023 09:39

Mer om