Kort fortalt

Fleire vil jobbe lenger

Mange vil jobbe til dei er minst 70.

27.10.2017
NPK-NTB: Stadig fleire ønsker å jobbe til dei er minst 70 år gamle. Samtidig meiner halvparten av dei yrkesaktive at arbeidstakarar over 50 år er lite attraktive.
Det viser Seniorpolitisk barometer som vart lagt fram fredag.
– Det er positivt at mange ønsker å jobbe lenge, men det er nødvendig med fleire grep for å få folk til å jobbe lenge nok til å sikre eit berekraftig velferdssamfunn. Eitt års forlengd yrkesaktivitet vil gi opp mot 40 milliardar kroner i auka verdiskaping, seier Kari Østerud, direktør i Senter for seniorpolitikk.
Undersøkinga viser at nesten halvparten av dei yrkesaktive meiner at folk over 50 år er lite ettertrakta på arbeidsmarknaden. Leiarane som er spurt i undersøkinga, vil i gjennomsnitt nøle med å kalle inn personar over 58,5 år til intervju.
– Når du er 58 år, har du i prinsipp 12–14 år igjen av arbeidslivet. Ved den alderen kan mange vere på toppen, både erfaringsmessig og med omsyn til arbeidskapasitet. Det ser dessverre ut til at diskriminering av seniorar aukar, og no svarer éin av fem arbeidstakarar at det går føre seg diskriminering i arbeidslivet på grunn av alder. Vi opplever at måten vi snakkar om seniorar på i den offentlege debatten også har blitt meir negativ, seier Østerud.
Undersøkinga er gjennomført av Ipsos for Senter for seniorpolitikk og baserer seg på svar frå 1.000 arbeidstakarar og 750 leiarar i privat og offentleg sektor.

Publisert: 27.10.2017 09:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41