(NPK-NETT.NO): Talet på vindkraftverk har stått stille sidan 2019. No vurderer fleire kommunar nye prosjekt, men motstanden er framleis stor.
– Utbyggjarar har blitt flinkare til å gå i dialog med lokalsamfunn og kommunestyrepolitikarar tidlegare i prosessen. Dei investerer meir i prosessen, tek større omsyn til naturen enn før, og motstanden er blitt høyrd. Selskapa tilpassar seg og blir betre, lyttar og tek notat.
Det skriv Thor Egil Braadland, pressesjef i Fornybar Norge. Han meiner det er fleire ting som er annleis med komande vindkraftprosjekt no enn i førre «omgang». Noko av det kjem av at reglane for vindkraftutbygging er blitt stramma inn kraftig frå statleg hald for å bidra til mindre konflikt.
– Det har kome normer for minsteavstand til busetnad, krav om standardiserte miljøkartleggingar, og kommunane har i praksis fått vetorett – noko dei ikkje hadde før. I tillegg har utbyggjar fått ein tydeleg tidsfrist på fire år til å byggje ut dersom dei får løyve.
Noko anna er at det spreier seg ei haldning i kommunane om at «vi kan ikkje seie nei til alt», ifølgje Braadland.
– Dei ser samanhengen mellom industriutvikling og fornybar energi, fordi både næringslivet og fagrørsla lenge har varsla at industrien treng meir straum og meir nett.
DNV åtvarar i ein rapport om at kraftetterspurnaden veks raskare enn ny produksjon her i landet. Datasenter åleine kan stå for sju prosent av straumforbruket i 2040. DNV meiner vindkraft er den einaste teknologien som kan byggjast raskt nok og billeg nok til å sikre framtidig kraftoverskot.
Men det er framleis sterkt lokalt engasjement mot vindkraft fleire stader. Mellom 2015 og 2019 vaks talet på vindkraftverk frå under 20 til over 60, men sidan har utviklinga flata ut. Ingen nye vindkraftverk er venta i drift i 2026. Heile 25 kommunar har avslått vindkraftplanar dei siste to åra, og fleire av dei har frå før gjort prinsipielle vedtak mot vidare utbygging.
Det framtidige straumbehovet som vindkraft skal dekkje, vil vere avhengig av kor ambisiøs industrien i Noreg er trur Braadland i Fornybar Norge.
– Kraftbruken i hushalda er meir eller mindre stabil; det er industrien sitt behov som vil avgjere det samla kraftbehovet. Vindkraft på land er den kraftkjelda som kan gi mest straum, raskast og billegast, meiner Braadland.
Publisert: 05.01.2026 10:20
Sist oppdatert: 05.01.2026 10:20






