Bak Bano AS står gründerane Roy Elsayed og Torbjørn Olseth frå Askvoll kommune.
Dei utvikla eit baderomskonsept spesielt tilpassa helseinstitusjonar og har siste åra utvikla eit nytt konsept for bad på hotellrom.
Bano har i fleire år hatt delar av produksjonen, lager og administrasjon på Sandane. 2. januar tok selskapet i bruk ein splitter ny lagerhall som Gloppen kommune har bygt for bedrifta.
Hovudkontoret vart for få dagar sidan formelt flytta frå Bergen til Sandane. Det skjedde samstundes som Rolf Sanne-Gundersen (48) tok over som administrerande direktør (sjå "Nytt om namn").
Bano har salskontor i Bergen, Stockholm, Helsinki, København og Amsterdam.
Den norske delen, Bano AS, hadde i 2012 ein omsetnad på 47 millionar kroner og eit overskot før skatt på fem millionar.
Selskapet er i god vekst og sette salsrekord i 2013, skriv Bano i ei pressemelding.

Publisert: 22.07.2020 07:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22