Kort fortalt

Flytteplanar i Ørsta

Sparebank1 Søre Sunnmøre vurderer å flytte kontoret i Ørsta inn i Ørsta Torg-bygget, som er eigd av bankens eigedomsselskap. 

22.11.2013
Den mogleleg flyttinga er ein del av bankens vurdering av tiltak for å blåse liv i verksemda i Ørsta sentrum, i følgje administrerande direktør Solveig Midtbø i Sparebank1 Søre Sunnmøre. Ei eventuell flytting vil og vere ein del av arbeidet med å modernisere bankens sine kontor. Midtbø vil ikkje tidfeste når banken vil legge fram sine planar, men seier ei avgjerd kan kome i løpet av kort tid. Ørsta Torg-bygget vender mot gågata i sentrum på den eine sida. Etter at Amfi-kjeda etablerte seg i Ørsta har ei rekkje handelsbedrifter flytta ut av lokala sine i det gamle sentrumsområdet, mellom anna i gågata, og inn på senteret.

Publisert: 22.11.2013 14:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22