Kort fortalt

Folk overvurderer inntektene til bøndene

Mange bommar kraftig.

02.08.2017
NPK: Ein britisk studie syner at folk overvurderer inntektene til bøndene. Fleirtalet av dei spurde gjetta på at bøndene tente meir enn dobbelt så mykje som gjennomsnittet.
Det er The Prince's Countryside Fund (PCF), oppretta av prins Charles i Storbritannia i 2010, som har gjennomført undersøkinga om haldninga britane har til landbruket. Ifølgje undersøkinga likar blant anna ein firedel av dei spurde tanken på å slutte i noverande jobb for å bli bønder, skriv
Det viktigaste funnet i undersøkinga er likevel at den jamne brite overvurderer inntektene til bøndene kraftig, skriv fondet. I eitt av spørsmåla skulle respondenten gjette på inntekta til bøndene – og gjennomsnittet i gjettinga enda på nesten 47.000 pund – det svarar til nesten 490.000 norske kroner. I realiteten ligg gjennomsnittet av inntektene til bøndene på omtrent 20.000 pund, som er rundt 209.000 norske kroner.

Publisert: 02.08.2017 21:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41