Kort fortalt

Folk Spiseri legg ned

Snart slutt for spisestaden.

20.04.2022
Ved utgangen av juli er det slutt for restauranten Folk Spiseri i Ulsteinvik, ifølgje Vikebladet.


Det er Ingrid Margrethe Ulstein og Thor Erik Andersen som har vore eigarar og drivarar, som fortel dette til avisa. Dei legg ikkje skjul på at det har vore krevjande å halde liv i verksemda.

– Då vi starta Folk var det ikkje så vanleg å gå ut og ete midt i veka i Ulsteinvik. Det er noko som har forandra seg i løpet av desse åra. Vi var med på å skape ein ny marknad. Det har sidan dukka opp fleire restaurantar, og det har blitt eit ganske bra restaurantliv i Ulsteinvik, fortel dei.

Etter snart seks år ser begge fram til å starte med noko anna, og sjølve selskapet vil bestå.

Publisert: 20.04.2022 13:43

Sist oppdatert: 20.04.2022 13:44

Mer om