NPK-NTB: Nordnets privatkundar har selt fond for 1,3 milliardar kroner i mars. Det er ny rekord.
– Dette er det største nettosalet vi har registrert i ein enkeltmånad, og tyder på at fondskundane er skremde av det kraftige børsfallet og fryktar at nedturen blir langvarig, seier spareøkonom Bjørn Erik Sættem i Nordnet.
Oslo Børs har falle 24 prosent dei første tre månadene i 2020. Dette er det svakaste førstekvartalet nokon gong.
Den breie amerikanske indeksen S&P 500 fall 20 prosent i første kvartal. Det er det dårlegaste kvartalet sidan fjerde kvartal 2008, då indeksen fall 22 prosent.

Publisert: 02.04.2020 09:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28