Kort fortalt

Fornya tillit til media

85 prosent er positive.

23.04.2020
NPK-NTB: Etter å ha nådd eit botnnivå i fjor i kjølvatnet av VG-saka om Trond Giske-dansinga, er tilliten til media no på normalnivå att, ifølgje ei undersøking.
Medieundersøkinga, som er gjennomført av Nordiske mediedagar, viser at 85 prosent av folket no har anten stor eller noko tiltru til media generelt, skriv
I fjor, like etter VG-saka om at Arbeidarpartiets Trond Giske dansa på Bar Vulkan, var det berre 72 prosent som svara det same.
Det er vanskeleg å vite om auken kjem av at det har gått eit heilt år, eller at det har noko med koronakrisa å gjere, seier medieforskar Erik Knudsen ved Universitetet i Bergen.
– Undersøkinga vart teken opp heilt i startfasen av koronakrisa, så vi har ikkje noko empirisk grunnlag for å seie at ho har påverka tiltrua til media, seier Knudsen.

Publisert: 23.04.2020 12:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28