Kort fortalt

Forseinka redningshelikopter

Kan føre til lenger bruk av Sea King.

28.08.2017
NPK-NTB: Det nye redningshelikopteret AW101 er eit halvt år på etterskot. Men forseinka dokumentasjon kan bety at Sea King må brukast to år lenger enn planlagt.
Det første nye redningshelikopteret skulle ha komme til Noreg i april, men kjem i staden i haust, samtidig med maskin nummer to. Det er den militære dokumentasjonen som har blitt levert veldig seint i prosessen som fører til uvisse om tidsplanen, skriv .
Regjeringa signerte i desember 2013 kontrakt om levering av 16 nye redningshelikopter av typen AW101 til erstatning for Sea King redningshelikoptera, som vart tatt i bruk i 1973.
Leveransen av dei 16 nye helikoptera er forseinka grunna «utfordringar i produksjonen, test og sertifisering av dei første helikoptera». Etter den opphavlege planen skulle dei to første blitt levert innan 1. april år. Justisdepartementet opplyste i juni til NTB at det første helikopteret skulle leverast i sommar, men det skjedde ikkje.

Sertifisering

Uavhengig av denne forseinkinga skal alle helikoptera og dei oppgraderte basane vere operative innan 2020.
– Ei teknisk sertifisering (military type certificate) av eit militært luftfartøy i eit anna land er ikkje det same som at det er godkjent for bruk i Noreg; det kan kome av for eksempel klima, topografi, bruk eller våpen. Norske styresmakter har eit nasjonalt ansvar for luftferdigheitene til militære fly. Dette er det vi i Forsvarsmateriells avdeling for luftkapasitetar (FMA) på Kjeller held på med. Det medfører at FMA må gå gjennom all dokumentasjon før Forsvaret kan begynne operasjonar med nye redningshelikopter, seier brigader Diederik Willem Kolff, sjef for Luftkapasitetar i FMA, til Forsvarets Forum.

6,25 milliardar

Om Sea King må vere operativ til 2022, må truleg fleire helikopter enn planlagt oppgraderast. Den opphavlege planen var å oppgradere seks av dei 12 helikoptera Noreg har. Men det kan bli nødvendig å oppgradere eit par maskiner ekstra dersom nokre av dei skal fly i 2022.
– Dersom dette blir nødvendig, vil det sjølvsagt også påføre ekstra kostnader, men det er for tidleg å seie om dette vil skje og kva dette betyr, seier Kolff.
Dei 16 nye AW101 Merlin frå AgustaWestland skal leverast fram til 2020, til ein samla kostnad på 6,25 milliardar kroner, reservedelar medrekna.

Publisert: 28.08.2017 20:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41