NPK: Havforskingsinstituttet (HI) forskar no på raudspette-oppdrett. Sist nokon gjorde det var rett etter andre verdskrigen.
Bakgrunnen er at HI over tretti år har arbeidd med å avle fram kveite i oppdrett. Kveita er både stor og komplisert, men produksjonen har auka jamt dei siste fem åra og har no blitt den viktigaste marine arten i matfiskoppdrett. Forskarane håpar at ein ved å forske på raudspette-oppdrett kan finne ut meir om kveita. Dei ønskjer å sjå om det finst likskapar mellom kveite og raudspette, blant anna ved å samanlikne genomet til dei to flyndreartane.
– For å forstå prosessen må vi finne markørar i genomet, som for eksempel seier noko om kvifor den eine fisken veks fortare enn den andre. På den måten kan vi forstå biologien betre, og på lengre sikt velje ut kva individ vi skal avle vidare på, seier forskar Birgitta Norberg i ei sak på
– Vi veit ingenting om veksten eller korleis kvaliteten på fisken blir. Det vi veit så langt, er at det tar tre gongar kortare tid å produsere raudspette-yngel enn kveiteyngel, og med minimal døyelegheit. No må vi lage vegen etter kvart som vi går, seier havforskar Anders Mangor-Jensen.

Publisert: 02.06.2020 10:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26