NPK-NTB: Koronastenginga kan ha ført til større forskjellar på grunnskulen. No vil forskar Robin Ulriksen ta to veker av ferien og ha elevane på sommarskule.
– Det å gå rett ut i ein sommarferie no, kan for enkelte vere ei ekstra stor belastning, seier Ulriksen til .
Han er forskar ved Statleg pedagogisk teneste (Statped) og er uroleg for situasjonen for dei svakaste elevane.
Ein rundt to månader lang periode med heimeundervisning har ikkje vore like heldig for alle. Medan nokre barn får god oppfølging heime, er det mange som meir eller mindre blir overlatne til seg sjølv, peikar forskaren på. Den lange skulestenginga kan ha ført til større forskjellar mellom skuleflinke og dei fagleg svakare elevane.
Ulriksen foreslår derfor å bruke to veker av i sommarferien til å sende grunnskuleelevane på sommarskule.
– Det kan hjelpe fagleg svake elevar og elevar som i utgangspunktet har utfordringar. Det at elevane ikkje har skule no, gjer at ein del andre utfordringar blir forsterka, seier han.

Publisert: 06.05.2020 10:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27