Kort fortalt

Forskarar avlivar myte om ålen

Vi må tenkje nytt om ålen.

01.04.2016
(NPK): Teorien om at ålar som først kjem seg inn i Middelhavet, ikkje klarer å finne vegen ut i Atlanterhavet og til gyteområda i Sargassohavet igjen, stemmer ikkje, slår danske forskarar fast.
Det varme og saltrike Middelhavet skal gjere det håplaust for ålen å navigere seg fram til det smale Gibraltarsundet, har det vore hevda. Den seigliva myten har òg vore eit godt påskot for middelhavslanda til ikkje å bry seg så mykje om den utryddingstrua arten – dei endar jo likevel sine liv der utan avkom.
– Landa ved Middelhavet bør hjelpe til med å redde ålen. Ein kan altså ikkje gi opp alt håp for dette området i bevaringa av bestanden, seier seniorforskar Kim Aarestrup ved DTU Aqua i København til nettavisa Videnskab.dk.
Han og kollegaene hans har ved hjelp av såkalla pop-up-satellittmerke avdekt vandringane til åtte åleeksemplar i Middelhavet over ein seksmånadersperiode. Fem av ålane har mest truleg vorte etne, mens to av dei tre andre hadde svømt ut i Atlanterhavet. Berre éin var igjen i Middelhavet.
– Vi kan konstatere at to av dei tre som overlevde, hadde komme seg ut etter seks månader. Så det er i alle fall ikkje korrekt at dei absolutt ikkje kan finne vegen ut, seier Aarestrup.
Den sterkt trua bestanden av europeisk ål er dramatisk redusert med 97– 98 prosent sidan 1980. Den slangeforma fisken vandrar frå daglegliv i både fersk- og saltvatn i Vest-Europa til gyteområda i Sargassohavet mellom Bermuda og Asorane. Larvane blir så førte med Golfstraumen til Europa igjen.
Den danske studien er publisert i vitskapstidsskriftet Scientific Reports.

Publisert: 01.04.2016 08:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47