NPK: Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) meiner det er nødvendig med ei ny kvalitetssikring av Stad skipstunnelen, men beklagar at det ikkje har blitt gjort før.
Blant tunneltilhengjarane har det vekt både vantru, sinne og fortviling etter at Samferdselsdepartementet har kravd endå ei ny kvalitetssikring av skipstunnelen.
Samferdselsministeren forklarer til Skipsrevyen at kvalitetssikringa som no skal gjerast, heng saman med forslaget Kystverket kom med i fjor etter at ei ekstern kvalitetssikring året før viste at skipstunnelen kom til å bli mykje dyrare enn det som var lagt til grunn i Nasjonal transportplan.
– Sidan det nye forslaget frå Kystverket i 2019 inneber store endringar i prosjektet og gjennomføringa, er vi nøydde til å ha ei oppdatert kvalitetssikring før vi kan gå vidare med prosjektet, seier Hareide til avisa.
Samferdselsministeren seier han gjerne skulle fått gjort dette tidlegare, men viser til at fleire saker har blitt utsett på grunn av korona.
Ifylgje har det til no vore 21 utgreiingar om Stad skipstunnelen.

Publisert: 16.06.2020 13:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26