Kort fortalt

Framleis stor avstand i oljestreiken

Kan stanse ein firedel av produksjonen.

08.10.2020
(NPK-NTB-Peter Tálos): Det er stor avstand mellom Lederne og selskapa på sokkelen når det gjeld stridstemaet om å lande ein eigen avtale for organiserte med jobbar på land.
Det var torsdag framleis verken semje eller forhandlingar mellom fagorganisasjonen Lederne og bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass. Partane står langt frå kvarandre i kravet om at tilsette som arbeider på land skal innlemmast i dagens sokkelavtale.
Frå natt til søndag blir streiken trappa opp og effekten slår for fullt inn frå onsdag når nesten 25 prosent av all produksjon av olje og gass på norsk sokkel vil bli ramma viss Johan Sverdrup-feltet må stengje ned heile produksjonen. I alt vil då 13 av felta på norsk sokkel, dei fleste opererte av Equinor, vere ramma av streiken.
– Det er kontakt mellom partane, men ingen formelle forhandlingar går føre seg, seier informasjonssjef Kolbjørn Andreassen i Norsk olje og gass til NTB.
Konflikten som frå neste veke dagleg kan stanse produksjonen av nesten 1 million fat oljeekvivalentar, dreier seg ifølgje arbeidsgivarane om fem tilsette som tidlegare hadde arbeidsoppgåvene sine ute på sokkelen, men som no skal utføre dei same jobbane frå kontrollrom på land. Ifølgje Andreassen er det ikkje mogleg etter dagens avtaleverk å gi tilsette på land vilkår som er forankra i sokkelavtalen, som nettopp fordrar at ein arbeider ute til havs.
Lederne på si side hevdar at dei har bede om ein eigen avtale for medlemmene sine som blir ramma av endringa heilt sidan 2017.
– Arbeidsgivarsida har ikkje vist nokon reell vilje til å finne løysing for kravet om avtaleskiping. Fleire av medlemsgruppene våre blir flytta frå sokkel til land. Slik dette har utvikla seg er det umogleg for oss å ta vare på rettane til medlemmene, uttalte forbundsleiar Audun Ingvartsen i Lederne onsdag.
– Det er vanskeleg å løyse dette og særleg på det viset Lederne ønskjer, seier Andreassen og viser til at arbeidsgivarane allereie har komme til semje med dei to største forbunda på sokkelen, Industri Energi og Safe, som organiserer 85 prosent av arbeidsstyrken til havs.
Noreg produserer jamt over litt over 4 millionar fat oljeekvivalentar kvar dag. Halvparten er i form av råolje og andre væsker og halvparten frå naturgass. Så langt under streiken er litt meir oljeproduksjon enn gass ramma av produksjonsstans.
(©NPK)

Publisert: 08.10.2020 18:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24