Kort fortalt

Framleis vekst i detaljhandelen

Men litt ned på slutten av ååret.

29.12.2016
(NPK-NTB): Omsetninga i detaljhandelen her i landet gjekk opp med 0,2 prosent frå oktober til november i år, viser dei siste sesongjusterte tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Det skjer etter ein auke på 0,9 prosent frå september til oktober.
Klede, sko, tekstilar, utstyrsvarer og interiør og sportsutstyr bidrog til auken frå oktober til november. Omsetnaden av mat og drikke hadde også ein svak vekst.
Varekonsumet til hushalda auka med 1 prosent frå oktober til november, viser sesongjusterte tal. Mykje av oppgangen kjem av ein auke i elektrisitetsforbruket. Forbruket av elektrisitet og brensel auka med 5,7 prosent og bidrog til å trekke opp varekonsumet med 0,4 prosentpoeng.
Kjøp og drift av bilar var tilnærma uendra frå månaden før. Bak dette ligg ein auke i bilkjøpa og ein tilsvarande nedgang i drivstofforbruket, ifølgje SSB. Utan justering for sesongvariasjonar var varekonsumet til hushalda 3,8 prosent høgare i november 2016 enn i same månad året før.

Publisert: 29.12.2016 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43